
Alle lysarmaturar som inneheld PCB skal fjernast innan 31.12.2007
Om du har armaturar med PCB-holdige kondensatorar, pliktar du å passe på at disse vert teke ut av bruk innan utgangen av 2007. Det held i prinsippet å byte berre kondensatoren, men i mange tilfelle vil det vere meir lønnsamt å byte heile armaturen. Dei fleste kondensatorar er påført årstal. Tala kan vere påført på litt ulike måtar, som til dømes 8.69, 869, 8/69 for august 1969, eller 38/70 for uke 38, i 1970. Kondensatorar frå denne perioden kan leverast hos ein forhandlar eller direkte på den kommunale miljøstasjonen. Kondensatorar merka ”CE” eller ”non PCB” er utan PCB.
Armaturar av nyare dato bruker vesentleg mindre straum, og gir betre lys enn dei gamle. Løysninga må veljast ut frå mange faktorar; bruksområdet for rommet, strømforbruk, tall armaturar, o.l. Ein autorisert el-installatør kan gi deg råd om kva som er best for deg. Så lenge armaturen ikkje er kopla til strømnettet med eit støpsel, må utskiftingsarbeidet utførast av ein autorisert el-installatør. Byting av kondensator skal alltid verte utført av ein installatør. Den som eigar armaturane, eller eventuelt bygningen dei er montert i, skal sikre seg om at alle kondensatorar med PCB blir skifta ut.
Fakta om PCB
- PCB, er ei gruppe industrielt framstilte klorhaldlige forbindingar med spesielle eigenskapar, som god isolasjonsevne og stor kjemisk, fysisk og termisk stabilitet.
- PCB er brannhemmande og vart ofte brukt i produkta med størst omfang på 1960-70 talet.
- PCB blei forbode frå 1980, etter at skadeverknader vart kjent.
- PCB-molekylet kan fraktast gjennom vann og luft, men det binder seg først og fremst til feitvev. Grunna dette vil konsentrasjonen i eit levande individ vere større enn i omgivnadene rundt det. Ein fisk inneheld altså meir PCB enn vatnet den symjar i.
- PCB har stor motstandskraft mot biologisk eller kjemisk nedbrytning. Når miljøgifta er tilført omgivnadene, brytast den svært langsamt ned av naturlege prosessar.
- Inntak av animalsk feit er den viktigaste PCB-kjelden hos menneskjer. I tillegg kan ein få i seg PCB gjennom huden (ved berøring av PCB-haldig materiale) og via andedraget. Den som pustar inn forureina luft, fungerar som ein luftreinsar: lufta ein pustar ut igjen, er reinsa for PCB.
Ønskjer du å lese meir om PCB, kan du det ved å klikke deg inn på nettsidene under:
- pcb.no
- Renas
- kondensator.no
- Fagerhult
Kjelder: www.pcb.no, www.renas.no, www.kondensator.no, www.skagerakenergi.no |