 |
|

Vang Energiverk KF
har utarbeidd Energiplan for Vang Kommune i samsvar med
- "Forskrift om energiutgreiingar" med heimel i energilova § 7-6. Det er vidare vist til utdrag frå denne.
- Det er take omsyn til lokale tilhøve i kommunen som har innverknad på energibruk i dag og i framtida. Desse lokale tilhøva går fram både kvalitativt og kvantitativt.
- Det er i vedlegg illustrert detaljer og oppgjeve kjeldemateriale. Dette gjeld også der vi har sett på korleis andre energiverk med områdekonsesjon har laga sine energiplanar.
- Energiplanen er eit grunnlag for å sjå vidare
på utvikling i framtidig energibruk.
- Ein hovudkonklusjon : Temperaturkorrigert energi-forbruk i
Vang kommune har auka dei siste åra. Dette skuldast at
bruk av energi i nye fritidsbustader har meir enn kompensert
for nedgang i folketal og redusert energibruk i primærnæringane.
- Fritidsbustader nye og beståande er ei vekstnæring
for handverk og service innanfor vårt næringsfattige
område. Vi har her spesielt sett på kva hyttefelt
gjev bidrag til når det gjeld elektrisk effekt i periodar
med høglast. Her er konklusjonen at vi har ein aukande
andel "høgstatus" hytter. Effektstyring av fritidsbustader
vil etter det vi kan vurdere kunne bidra til fornuftig energibruk
og skape "win -win" tilhøve for både netteigar
og nett kunde ved høgare komfort og auke av brukstid
for maksimal lasta i nettet totalt.
- Tilgangen til ved er god i kommuna og vi meiner at el supplert
med ved er den beste løysingen for å begrense bruken
av elektrisk energi og effekt.
God lesnad!
Vang Energiverk KF
|
|