Skal du legge inn målaravlesinga? Klikk her!
 
Hovudsida
Om Vang Energi
Kundeinfo
Bestilling av
nettleige/ kundebytte/ oppsigelse
Kompensasjon
Bytte leverandør
Tariffar
Målaravlesing
Nett
Produksjon
Byggjeinfo
Energifakta
Utbyggingar no
Breiband



Vang Energiverk KF utbetaler kompensasjon til kundar som opplever svært langvarige avbrott.

Vang Energiverk KF har fokus på leveringskvalitet. Vi har hatt ein gunstig utvikling i avbrotts-statistikken dei seinare år, og arbeidar kontinuerlig med å oppretthalde denne utviklinga. Frå 2007 kan alle sluttbrukarar på alle nettnivå krevja å få direkte utbetalt eit beløp ved svært langvarig avbrott. Dette i fylgje rettleiingar frå NVE (Noregs vassdrags- og energidirektorat) §9A 2-3.

Satsar
Svært langvarig avbrott som varar i meir enn 12 timer, og beløpets størrelse er:

  • Kr. 600,- for avbrott til og med 24 timer,
  • Kr. 1 400,- for avbrott over 24 timer til og med 48 timer,
  • Kr. 2 700,- for avbrott over 48 timer til og med 72 timer.
  • For avbrott ut over 72 timer skal det gis eit tillegg på kr. 1 300,- for kvar påbegynt tjuefiretimars periode avbrottet varar.

Berekning:

  • For fritidsbustad kan eit samla årleg krav ikkje overstiga forventa innbetalt nettleige for inneverande år. Forventa innbetalt nettleige er forventa årsforbruk i kWh multiplisert med gjeldande sats for energileddet i tillegg til fastleddet.

Utbetaling

Kva for avbrott inngår?

  • Alle langvarige avbrott.
  • Fleire påfølgjande langvarige avbrott regnas som samanhengjande om ikkje normal forsyning oppretthaldes i minimum to timer samanhengjande.
  • Det skil ikkje på varslande og ikkje varslande avbrott
  • Gjelder for avbrott forårsaka av alle spenningsnivå, også lågspenning

Registrering og berekning av svært langvarige avbrott

  • Varigheita for eit svært langvarig avbrott regnas frå det tidspunkt Vang Energiverk KF først fekk melding om avbrottet, eller vi visste eller burde ha visst at avbrott har funnet sted.

Vang Energiverk KF kan utbetale kompensasjon automatisk til kundar som opplever svært langvarige avbrott. Vi ber om forståing for at det kan være vanskeleg å fanga opp absolutt alle kundar i visse tilfeller. Spesielt gjeld dette i store feilsituasjonar kor det er fleire samtidige feil i høg- og lågspenningsnettet. Ta derfor gjerne kontakt sjølv, dersom du meinar at du har krav på kompensasjon.