Spør først - grav sidan!

Det vert meir og meir jordkablar i Vang og alle er ikkje kjent med kor det er nedlagt kabel.  

Dei som ynskjer graving må difor søkje om graveløyve minst 2 dagar før gravestart, slik at energiverket kan påvise sine kablar før arbeidet tek til.

Reparasjon av kabelskade kan føre til store kostnader som må dekkjast av den som påfører skaden. Det er viktig at lettare skader også meldast til energiverket, sjølv ein ubetydeleg skade kan lett utvikle seg, og seinare føre til store kostnader og ulemper.

KONTAKT Sentralbord: 61 36 75 50 Vakttelefon: 93 03 64 50 Vakttelefon: 97 68 90 33 epost@vangenergi.no