Val av kraftleverandør

Som netteigar plikter vi å levere kraft fram til du har valt ein kraftleverandør og inngått ein ordinær kraftleveringsavtale. I tillegg til nettleige kjem venteprodukt/ventetariff på kraft ifbm. leveringsplikten.

Venteprodukt er spot/markedskraft + påslag.
I dei fyrste seks vekene er påslaget på 6,25 øre/kWh inkl.mva. Deretter aukast påslaget til 15,5 øre/kWh inkl.mva.

Elsertifikat på 3 øre/kWh inkl.mva. er inkludert i påslaget. Les meir om  dette på www.nve.no/elsertifikater. Prisen på elsertifikat vil endrast frå 1. januar kvart år.

Nettselskap skal opptre nøytralt overfor kraftleverandørar og kundar, jfr. retningslinjer gitt av NVE.

Les mer om leveringsplikt på NVE sine sider her

BYTTE AV KRAFTLEVERANDØR

Ynskjer du å byte kraftleverandør? Ta kontakt med din nye kraftleverandør som vil sende melding om dette til din netteigar.

Se leverandørliste her.

 

Informasjon om kraftpris og kraftleverandør i Vang Energiverk KF sitt nettområde finn du på nettsidene til Strømprisportalen: (http://www.strompris.no)

Byte av kraftleverandør tar minimum 6 virkedagar.

Ved leverandørbytte må du gje opp følgjande opplysningar:

* Kundenamn og postadresse

* Fødselsdato eller organisasjonsnummer

* Målepunkt-ID

* Anleggsadresse

KONTAKT Sentralbord: 61 36 75 50 Vakttelefon: 93 03 64 50 Vakttelefon: 97 68 90 33 epost@vangenergi.no