ELEKTRONISK KOMMUNIKASJON
NYTT
FRÅ ÅR 2009
SPAR PENGAR
PÅ ELEKTRISK KOMMUNIKASJON
No kan du spare inntil
150 kr i året ved å velje eFaktura som fakturaløysing
samt å sende oss dei periodiske målaravlesingane elektronisk.
Bruk av eFaktura reduserar
fakturakostnadane. Elektronisk målaravlesing reduserar vårt
manuelle arbeid. Besparelsen kjem deg direkte til gode gjennom
redusert fastbeløp på nettleiga.
Periodisk målaravlesing
skjer i slutten av kvar andre månad. Les du av målaren
og sendar målarstanden elektronisk, og i tillegg mottek
eFaktura, får du eit avslag på kr 25,- pr. anlegg
pr. faktura. Totalt kr 150,- pr. anlegg i året.
Vilkår:
Tilbodet gjeld for hytter/fritidsbustader,
hushald, gardsbruk og mindre næringsanlegg utan timesmåling.
1. Du brukar
eFaktura.
* Spar både miljø
og tid. Med eFaktura mottek du rekningane ferdig utfylt rett i
nettbanken og betalar med eit tastetrykk.
* Avtale om eFaktura
inngår du i din nettbank.
* Din eFaktura referanse
finn du på rekningane fra oss.
2. Du leverar
periodiske målaravlesingar elektronisk
* Målaravlesing
leverast på web eller på SMS.
* Målaravlesing
leverast i perioden 14 dagar før og seinast 14 dagar etter
avlesingsdato. Dette er viktig for at vi skal få riktig
datagrunnlag, slik at fakturaen du mottek blir korrekt.
* Avlesingsdatoar er:
28. februar, 30. april, 30. juni, 31. august, 31. oktober,
31. desember.
*Avslag pr. anlegg pr.
faktura er kr 25,-. Kor mykje dette utgjer for deg pr. år
avhenger av kor "flink" du er til å lese av og
bruke elektronisk målaravlesing.
Korleis kome
i gang?
Inngå avtale om
eFaktura i din nettbank. Vang Energiverk er nå
tilbyder av eFaktura.
Din eFaktura referanse
finn du på rekningane fra oss.
eFaktura kan også
kombinerast med avtalegiro.
For levering av målarstand på internett:
Klikk her
Her kan du også
registrere deg for å få varsel om målaravlesing
pr. epost.
For levering på
SMS: Fyrste gong sendar du ein SMS med kodeordet
ve samt målarnummeret og målaravlesinga til 26166.
(ve mellomrom målarnummeret
ditt mellomrom målaravlesinga
di - send meldinga til 26166)
Ved neste avlesingsdato
vil du få eit varsel på din mobil. Les av målaren
og send målaravlesinga og målarnummeret i svarmeldinga.
Kunde med fleire anlegg må taste både målaravlesinga
og målarnummeret for det enkelte anlegg.
|