Skal du legge inn målaravlesinga? Klikk her!
 
Hovudsida
Om Vang Energi
Kundeinfo
Tariffar
Målaravlesing
Kvifor lese av?
Elektronisk kommunikasjon
Nett
Produksjon
Byggjeinfo
Energifakta
Utbyggingar no
Breiband



Kvifor Målaravlesing?

Alle anlegg les av målaren 6 gonger i året. Fakturaene baserast på reelt forbruk i perioda. Når avlesing ikkje føreligg estimerar (anslår) vi eit forbruk, noko som kan slå feil ut.

For våre hyttekundar kan det være vanskelig å få lese av 6 gonger i året.

Her er nokre tips:

Er du ikkje på nytt på avlesingstidspunkta, les av ved næraste besøk og rapporter målarstanden til oss.

Ved vinterstengde hytter tilrår vi at avlest målarstand på hausten blir rapportert inntil hytta blir teken i bruk att på våren. Ved å rapportere same stand vil fakturering vise eit nullforbruk i perioden.

Regler gitt av NVE krever ei avlesing pr. nytt år.

Som netteier oversender vi alle måleravlesingar vi får inn på ditt anlegg til din kraftleverandør.

Når?

Avlesingsdatoar: 1. januar, 29. februar, 30. april, 30. juni, 31. august, 31. oktober og 31. desember.

Mottar vi ikkje avlesning innan 1 veke etter avlesingsdato, vil forbruket bli estimert basert på anleggets forventa årsforbruk og event. reelle målaravlesingar. Ved innrapportering av avlest stand vil forbruket bli korrigert ved neste fakturering.

Målarstand kan rapporterast til oss så ofte som ynskjeleg.

Korleis få korrekt måleravlesing?

Les av målaren og send denne inn til oss så nær avlesingsdatoen som mogleg.

Du kan bruke vår nettside, vår kontofon 73 83 22 14 eller returnere måleravlesingskortet i kundekalenderen pr. post.

Brukar du vår nettside eller kontofon vil avlesinga registrerast same dag som du leverer.

Viss dette er ein annan dag enn avlesingsdatoen, vil vi estimere eit forbruk fram eller tilbake til denne datoen.

Viss du returnerer avlesingskortet i kundekalenderen pr. post vil den bli registrert med den dato du noterer på kortet.

Anbefaling:

Hyttekundar: Vi anbefalar at straummålar lesast av ved besøk på anlegget.
Føreligg berre ei målaravlesing i året vil forbruket bli fordelt over ein forbruksprofil for Vang Energiverk KF sitt nettområde. Profilen fordelar forbruket over heile året, også i periodar hytta kanskje ikkje er i bruk.

Er straumen avslegen i periodar, vil rapportering av målarstand ved stenging og opning vise eit nullforbruk i perioda. Rapportering av målarstand ved ankomst og avreise vil vise eit faktisk forbruk når hytta er i bruk, f.eks. i jule-/påskeferien eller i sumarferien når straumen vanlegvis er rimeligast.

Ved målaravlesing ved nyttår kan siste målaravlesing på hausten påførast hvis straumen er heilt avslegen på anlegget. Ved forbruk på anlegget, men ingen reell avlesing pr. januar kan ein anslå eit omtrentleg forbruk. Les av målaren ved første besøk for kontroll.

Kva seier ”Standard nettleieavtale” om målaravlesing?
Nettleieavtale inngås mellom nettselskapet som leverandør av nettenestar og bruker som nettkunde. ”Standard nettleieavtale for forbrukerkundar” kan sendast på forespørsel eller sjå våre nettsider.
Følgjande avsnitt omhandlar målaravlesing:
Standard nettleieavtale § 5-2 Målaravlesing
”Målaravlesing gjennomførast i samsvar med nettselskapets rutiner og gjeldande forskrifter.
Ved sjølvavlesing skal kunden så vidt som mogleg foreta avlesing og underrette nettselskapet i samsvar med dei fristar som er oppgjeve av nettselskapet.
Dersom målaravlesing manglar, har nettselskapet rett til å fastsetje nettkundens uttak skjønnsmessig. Dersom nettselskapet mottar målerstand etter utlaupt frist, tas det omsyn til denne ved fyrste påføljande avrekning. Nettselskapet pliktar å sjå til at alle målepunkt er avlest minst ein gong i kalenderåret og ved leverandørbytt/opphør av kraftleveranse med mindre dette medfører urimeleg kostnad eller ulempe for nettselskapet.

Målaravlesing skal også gjennomførast ved leverandørskifte og ved opphør av leveranse.

Korleis fylle ut målaravlesingskortet i kundekalenderen?
Ta med alle siffer på målaren, også eventuelle nullar som står fremst i tellarstanden.
Antall siffer som skal noterast er spesifisert på framsida på kundekalenderen. Dette er særs viktig for at fakturaen skal bli korrekt.

Har målaren to avlesingsmoglegheiter, er det totalforbruket som skal avlesast og ikkje overforbruket.
På nokre målarar skal også siste tall være med, sjølv om det ser ut til å vera etter komma.

Ved spørsmål, ta kontakt med Kundeservice på tlf. 61 36 75 50.