Kompensasjon

Frå 1. januar 2007 vart det innført ein ordning med direkte utbetaling til sluttbrukarar som opplev svært langvarige avbrot.
Eit svært langvarig avbrot er eit avbrot som har vart i minst 12 timer.

Satsane for utbetaling er :

  •    600,- for avbrot over 12 timer opp til og med 24 timer.
  • 1.400,- for avbrot over 24 timer opp til og med 48 timer.
  • 2.700,- for avbrot over 48 timer opp til og med 72 timer.
  • 1.300,- tillegg for kvar påbyrja tjuefiretimars periode.

For fritidsboligar kan eit samla årleg krav ikkje overstige forventa innbetalt nettleige for inneværande år.

Sluttbrukar må fremje krav innan rimelig tid etter normal forsyning var gjenoppretta.
Skjema for søknad om kompensasjon finn du her.

 

Kva for avbrott inngår?

  • Alle langvarige avbrot.
  • Fleire påfølgjande langvarige avbrot regnas som samanhengjande om ikkje normal forsyning oppretthaldes i minimum to timer samanhengjande.
  • Det skil ikkje på varslande og ikkje varslande avbrot.
  • Gjeld for avbrot forårsaka av alle spenningsnivå, også lågspenning.

Varigheita for eit svært langvarig avbrot regnas frå det tidspunkt Vang Energiverk KF først fekk melding om avbrotet, eller vi visste eller burde ha visst at avbrotet hadde oppstått.

Vang Energiverk KF fylgjer NVE sin retningslinjer for utbetaling ved svært langvarige avbrot.

KONTAKT Sentralbord: 61 36 75 50 Vakttelefon: 93 03 64 50 Vakttelefon: 97 68 90 33 epost@vangenergi.no