Tariffutforming

Nettariffen er "den måten" nettselskapet tar betaling for sine tenester på.

Reglane for utforming av nettariff og praktiseringen av denne blir gjevne og kontrollert av NVE (Norges Vassdrags -og Energidirektorat). Om nettariffen er høg eller låg, (samanlikna med andre) er eit resultat av mange variablar eller parameterar.

Nettariffen i strøk med spreidd busetnad:
Kort fortalt og litt forenkla kan desse problemstillingane sammenfattast slik:

Nettselskap i distrikta – med store avstander mellom nettkundane, vil generelt ha større kostnder pr. nettkunde enn nettselskap i tettbygde strøk. Dette gjeld vel å merke der ein har eit nytt nett med bra teknisk standard:


- Det kan bety at ein har god leveringskvalitet eller få og korte avbrot i straumforsyninga.
- Bra spenningstilhøve ved høg last.
- God tryggleik for liv og eigedom.

Når kostnadene ved å bygge og drive nettet skal delast på omsetning i kWh, kjem også distrikta dårligare ut enn dei tettbygde strøk som også har meir næringskundar og industri. Dette på grunn av relativt liten omsetning pr.nettkunde samanlikna med tettbygde strøk.

Måling av effekt og energi –og korleis du har anledning til å ta ut effekt:

Energimåling opp til og med 125 A (Ampere –straumstyrke).
- Storleiken på sikring eller vern mot overbelastning bestemmer om du vert fakturert etter tariff H 4.1, H 4.2 eller T3M. Ved H-tariffane vert berre energien målt i kWh (kilowatt timar).
- Om du har 230 V eller 400 V spenning er dette også med å bestemme om du har H-tariff eller T3M. Dette må nøvendigvis bli litt teknisk og går fram av tarifftabellen vårt.
- Det er logisk at det må koste meir desto større effekt du kan ta ut.

Effekt og Energimåling over 125 A (Ampere –straumstyrke) Næringstariff T3.
Denne vart innført og praktisert i Vang Energiverk frå og med år 2001. - Her blir du som næringskunde på T3 avrekna etter den maksimale effekt toppen du har i det einskilde kvartal. Det er her viktig at kunden sjølv tenkjer gjennom på kva måte effekt blir brukt. Effektstyring av dei ulike uttak kunden har, vil generelt vera lønsamt både for kunden og nettselskapet.

- For kunden: Uttak av energibehov med minst mogeleg effektuttak. Brukstida for maksimaleffekten aukar.
- For Vang Energiverk KF : Mindre effektuttak i fordelingsnettet og frå overliggjande nett. - For alle næringskundar på T3 samlar Vang Energiverk KF inn timeverdiar (kWh pr.h) kvar veke. Dette kan for deg som næringskunde vera verdifull informasjon om korleis du sjølv brukar effekt og energi –og nødvendig med tanke på effektstyring av forbruksapparat i det elektriske anlegget ditt. Installatørane kan også gje råd om dette.

Energibruk:
Vi har mindre energiledd om sommaren fra 01.05 t.o.m. 30.09 enn det som er definert som vinter: 01.10 t.o.m 30.04.
Det er normalt større ledig kapasitet sommer enn vinter. Ved å stimulere til bruk av energi når det er mest ledig kapasitet i nettet, vil også energi- og effekttapet vera mindre enn ved høg last. Tap i overføringsnettet (som er ein kostnad) aukar kvadratisk med belastningen.

Fleire spørsmål om nettleige? Les meir på NVE sine forbrukarsider

KONTAKT Sentralbord: 61 36 75 50 Vakttelefon: 93 03 64 50 Vakttelefon: 97 68 90 33 epost@vangenergi.no