Om Vang Energiverk KF

Vang Energiverk KF er eit nett- og produksjonsselskap i Vang kommune i Valdres.
Vi held til ved Synshagen i Vang i Valdres, og produserar kraft i vårt kraftverk Eidsfoss i Øye.
Selskapet vart stifta i 1940 og har i dag 15 tilsette.

Vang Energiverk KF transporterar straum til nettkundane i Vang kommune. Dei seinaste åra har det også vorte bygd ut fleire områder for hyttekundar, og fleire stader er under planlegging og utbygging.  Ta gjerne kontakt for nærare informasjon om mogligheiter for straumtilkobling.

Vang Energiverk KF har i saman med Eidsiva Bredbånd AS bygd ut breiband i Vang kommune.
For bestilling av breiband kontakt Eidsiva Bredbånd AS på telefon 03370 eller via heimesida deira

EIGARTILHØVE
Vang Energiverk KF er eigd av Vang kommune, og blir drive som sjølvstendig inntektsgjevande og resultatorientert verksemd med eige budsjett og rekneskap.

OVERORDNA MÅL
Vedtekne på styremøte den 20 juni 1997

I. Vang Energiverk KF skal på ein aktiv handlemåte fremja eksisterande næringsliv og ny næringsutvikling i samsvar med kommunen sine mål.

II. Vang Energiverk KF skal kunne selja eksterne tenester etter forretningsmessige prinsipp og i priskonkurranse på den aktuelle marknad. Dette skal berre forekoma i den grad det er rett ut frå omsyn til primæraktivitetar og normal ressurstilgang

III. Ved bygging og drift av elektriske anlegg som Vang Energiverk KF utfører, eller har ansvar for, skal miljøomsyn vera nedfelt som ein naturleg del i det årlege budsjett og vera med i tilhøyrande handlingsplan.
Vår framtidige eksistens i samsvar med dagens vedtekter, er knytt til desse grunnleggjande prinsipp:
- Lokal sjølvråderett ved utbygging av nett i samsvar med overordna mål og til pris som vårt område i sum er tent med etter gjeldande regelverk frå NVE.
- Leveringskvalitet og sum av tenester som våre kundar er tilfreds med.

KONTAKT Sentralbord: 61 36 75 50 Vakttelefon: 93 03 64 50 Vakttelefon: 97 68 90 33 epost@vangenergi.no