Produksjon

Vang Energiverk KF produserar kraft i Eidsfoss Kraftverk i Øye.

Gamle Eidsfoss vart bygd i byrjinga av 1920-talet.
"Nye" Eidsfoss Kraftverk vart bygd i 1956, då det var gravd ut tunnel og røyrgate frå Strondafjorden til Vangsmjøsa. Fallhøgda på tunnelen er 50 m, med ei slukeevne på 10 kubikkmeter i sekundet. Frå 1956 var effekten på kraftverket 2,2MW.

I 1983 var det installert nye og større maskiner. Effekten frå 1983 har vore 4,1 MW og gjennomsnittleg årsproduksjon utgjør 21,5 GWh.
Det vart gjennomført ein større oppgradering i 2009. Då vart det mellom anna installert nytt styringgssystem.

 

 

 

 

KONTAKT Sentralbord: 61 36 75 50 Vakttelefon: 93 03 64 50 Vakttelefon: 97 68 90 33 epost@vangenergi.no