BETALINGSBETINGELSAR
Hushald, hytter/fritidsbustader, gardsbruk
og mindre
næring:
Oppgjersfakturering kvar andre månad
Timesmålte
anlegg - større næring over 100 000 kWh pr.år:
Forbruk fakturerast
med månadleg oppgjør. Effekt fakturerast med månadleg
à konto med kvartalsvis oppgjør.
For nærings- og særskilde tariffar vert rekningane
skreve ut med nettobeløp, ekskl. forbruksavgift og mva.
Dvs. at desse er spesifisert.
FAKTURERINGSDATOAR
Kvar andre
månad:
Faktureringsdatoane
er ca.:
1.februar, 1. april,
1.juni, 1. august, 1.oktober og 1. desember.
Forfallsdatoar er
15 dagar etter fakturadato.
Månadleg
fakturering:
Fakturerast den 15.
i kvar månad.
Forfallsdatoar er
15 dagar etter fakturadato.
PURREGEBYR/FORSINKELSESRENTE
Ved for sein betaling
blir det berekna 8,75 % forsinkelsesrente.
Ved betalingspåminnelse
tilkjem eit purregebyr på kr 60,-.
BETAL REKNINGANE
FRÅ UTLANDET
Følgjande Swift-adresse
kan benyttast ved betaling av rekningar i nettbanken:
IBAN:
NO05 1594 4760 137
BIC-adresse:
DNBANOKKXXX
Tips: Ved feilmelding
på BIC-adresse prøv utan dei tre X.
NO KAN VI TILBY
EFAKTURA!
Vang Energiverk KF er
tilbyder av eFaktura.
Spar både miljø
og tid. Med eFaktura mottek du rekningane ferdig utfylte rett
i nettbanken og betalar med eit tastetrykk. Avtale om eFaktura
opprettar du i din nettbank. Din eFaktura referanse finn du
på rekningane fra oss.
eFaktura kan også
kombinerast med avtalegiro.

NO KAN VI
TILBY AVTALEGIRO
AvtaleGiro er ei teneste
for automatisk betaling av faste rekningar.
Med avtalegiro sørgjer
banken for at rekningane blir trekte direkte frå konto
på forfallsdato. Alle bankar i Norge tilbyr tenesten.
Din avtalegiro referanse finn du på rekningane fra oss.
Avtalegiro kan opprettes
på tre måter:
* Ta kontakt med dykkar
bank for oppretting av avtalegiro
* Bruk svarkupongen du
finn her
* Opprett avtalegiro
med Vang Energiverk KF i nettbanken neste gong du betalar ei
rekning. Under forslag til avtaler vil du enkelt kunne opprette
avtalegiro.
Hugs å lese avtalevilkår
for avtalegiro.