Kundesider pålogging: Klikk her!
 
Hovudsida
Om Vang Energi
Kundeinfo
Tariffar
Standardavtaler
Tariffar
Forbruksavgift
Betalingsbetingelsar
Tariffutforming
Fellesmåling
Målaravlesing
Nett
Produksjon
Byggjeinfo
Energifakta
Utbyggingar no

FELLESMÅLING OPPHØYRER FRÅ 01.01.2010

Norges vassdrags og energidirektorat(NVE) har frå 1. januar 2010 opphøyrt retten til å krevje fellesmåling av straum.  Kvar enkelt private bueining eller fritidsbustad skal nå målast og avregnast kvar for seg. Gjeld ikkje næringsanlegg.
NVE har sett behovet for å konkretisere og klargjøre kor grenseskilnaden i framtida skal gå mellom områdekonsesjonær (Vang Energiverk KF) og sluttbrukarane. Arbeidet med endringa i energiloven samt endringar i kontrollforskrifta vil etter NVEs oppfatning gi fleire kundar lovfesta rettigheitar mht leveringskvalitet, val av straumleverandør, tariffering, fakturering, måling og avregning m.v.

NVEs vedtak betyr følgjande:

I fyrste omgang vil dette ha betydning for nye anlegg. Frå 01.01.2010 skal alle nye bueiningar være målt med Vang Energiverk KF sitt utstyr, mens næringsanlegg vidare kan væra fellesmålte.

På eksisterande fellesmålte anlegg vil det bli ein overgangsordning, og disse vil bli verande  fellesmålt til pålegget om fjernavlesing av alle anlegg blir vedtake, såkalla AMS (avansert måle- og styringssystem). NVE har gått inn for å avvente tidspunktet for å setje i kraft forskrifta som krev installasjon av AMS med minst eit år til alle bueiningar. Dette betyr at dei nye målarane fyrst kan være installert ved utgangen av 2015.

Viktige punkt ved opphøyr av fellesmåling

  • Alle nye private bueiningar skal målast med Vang Energiverk KF sitt utstyr (hyblar, sokkelleilegheiter, bygg med fleire bueiningar eller fritidsbustadar osv)
  • Eksisterande fellesmålte anlegg får ein overgangsordning frem til utrulling av AMS er gjennomført. Slik det ser ut nå skal AMS være installert på alle anlegg innan utgangen av 2015.  
  • Næringsanlegg (kontor etc.) kan vidare væra fellesmålt.

Les meir om NVEs forskriftsendring under denne linken:
http://www.nve.no/no/Nyhetsarkiv-/Nyheter/Endring-i-forskrift-302-om-fellesmaling-/