TARIFFUTFORMING
Nettariffen er "den måten" nettselskapet tar
betaling for sine tenester på.
Reglane for utforming av nettariff og praktiseringen av denne
blir gjevne og kontrollert av NVE
(Norges Vassdrags -og Energidirektorat). Om nett tariffen
er høg eller låg, (samanlikna med andre) er eit
resultat av mange variablar eller parameterar.
Nettariffen i strøk
med spreidd busetnad:
Kort fortalt og litt forenkla kan desse problemstillingane sammenfattast
slik:
Nettselskap i distrikta med store avstander mellom nettkundane,
vil generelt ha større kostnder pr. nettkunde enn nettselskap
i tettbygde strøk. Dette gjeld vel å merke der
ein har eit nytt nett med bra teknisk standard:
- Det kan bety at ein har god leveringskvalitet eller få
og korte avbrot i straumforsyninga.
- Bra spenningstilhøve ved høg last.
- God tryggleik for liv og eigedom.
Når kostnadene ved å bygge
og drive nettet skal delast på omsetning i kWh, kjem også
distrikta dårligare ut enn dei tettbygde strøk
som også har meir næringskundar og industri. Dette
på grunn av relativt liten omsetning pr.nettkunde samanlikna
med tettbygde strøk.
Måling av effekt og energi og korleis du har anledning
til å ta ut effekt:
Energimåling
opp til og med 125 A (Ampere straumstyrke).
- Storleiken på sikring eller vern mot overbelastning
bestemmer om du vert fakturert etter tariff H 4.1, H 4.2 eller
T3M. Ved H-tariffane vert berre energien målt i kWh (kilowatt
timar).
- Om du har 230 V eller 400 V spenning er dette også med
å bestemme om du har H-tariff eller T3M. Dette må
nøvendigvis bli litt teknisk og går fram av tarifftabellen
vårt.
- Det er logisk at det må koste meir desto større
effekt du kan ta ut.
Effekt og Energimåling over
125 A (Ampere straumstyrke) Næringstariff T3.
Denne vart innført og praktisert i Vang Energiverk frå
og med år 2001. - Her blir du som næringskunde på
T3 avrekna etter den maksimale effekt toppen du har i det einskilde
kvartal. Det er her viktig at kunden sjølv tenkjer gjennom
på kva måte effekt blir brukt. Effektstyring av
dei ulike uttak kunden har, vil generelt vera lønsamt
både for kunden og nettselskapet.
- For kunden: Uttak av energibehov med minst
mogeleg effektuttak. Brukstida for maksimaleffekten aukar.
- For Vang Energiverk KF : Mindre effektuttak
i fordelingsnettet og frå overliggjande nett. - For alle
næringskundar på T3 samlar Vang Energiverk KF inn
timeverdiar (kWh pr.h) kvar veke. Dette kan for deg som næringskunde
vera verdifull informasjon om korleis du sjølv brukar
effekt og energi og nødvendig med tanke på
effektstyring av forbruksapparat i det elektriske anlegget ditt.
Installatørane kan også gje råd om dette.
Energibruk:
Vi har mindre energiledd om sommaren fra 01.05 t.o.m. 30.09
enn det som er definert som vinter: 01.10 t.o.m 30.04.
Det er normalt større ledig kapasitet sommer enn vinter.
Ved å stimulere til bruk av energi når det er mest
ledig kapasitet i nettet, vil også energi- og effekttapet
vera mindre enn ved høg last. Tap i overføringsnettet
(som er ein kostnad) aukar kvadratisk med belastningen.
Fleire spørsmål
om nettleige? Les meir på NVE sine forbrukarsider