Det lokale Eltilsyn v/Vang Energiverk
E-verk/nettselskap er med heimel i tilsynslover pålagde å føre tilsyn innan sitt forsyningsområde. Det lokale eltilsyn ved e-verket/nettselskapet er derfor ein del av det offentlege tilsynsapparatet for eltryggleik og utøver tilsyn under Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap (DSB). Nettselskapet gjennomfører årleg kontroll med utvalgde anlegg i sitt nettområde. Denne kontrollen er uten kostnad for de privatpersonar og næringsvirksomhetar som får sitt anlegg kontrollert.
Det har dei siste åra vært Eviny Elsikkerhet AS som ufører kontrollane på vegne av DLE v/Vang Energiverk.
Anlegg som blir kontrollert blir valgde ut basert på tema som DSB avgjer. I tillegg blir anlegg plukka ut på stikkprøvebasis. Det er DSB som set rammene for tilsyn og DLE er pålagde å rapportere til DSB Øst om planlagde tilsynsaktivitetar og resultat.
Det elsikkerhetsarbeidet som DLE er pålagd å utføre, kan delast inn i fylgjande målområde:
- Kontroll av elektriske installasjonar og utstyr i private boligar, kombinert med informasjon om sikker bruk av elektrisitet.
- Informasjons- og opplysningsvirksomheit i skule, heimeteneste, lag og foreningar.
- Kontroll med omsetning av elektrisk utstyr for å sikra at det fyljar gjeldande sikkerheitskrav.
- Revisjon og verifikasjon av virksomheitar.
- Kontroll og oppfylling av elektroinstallatøranes arbeid.
- Bistå eigendomsmeglar med opplsyningar om merknadar på boligar, fritidsbustader og andre tilsynsobjekt.
- Bistå i brannetterforskning.
- Oppfylling av ulykker med elektrisk årsak.