Elsikkerheit i heimen

Er du klar over at du som eigar/brukar av et el-anlegg er ansvarleg for at det er i orden? Og at du sjølv må sørgje for dokumentasjon på det?

Det er kun virksomhear som er registrert i DSBs sentrale register som har lovleg adgang til å utføra og vedlikehalda elektriske anlegg. Som ikkje-faglærd har du likevel lov til å gjera mindre arbeid.

Søk i DSBs sentrale register kan gjøres her.

Kva kan du gjere?
Ikkje-faglærte kan berre utføra mindre arbeider i forbindelse med elektriske anlegg i eigen bolig og fritidsbolig, dersom slikt arbeid utførast sikkerheitsmessig forsvarleg. Med mindre arbeid meines:

  • Skifte dekselet for koblingsboksar, brytarar og stikkontaktar, men ikkje den veggfaste delen.
  • Montera og skifte varmeovnar dersom dei har bevegeleg ledning og støpsel.
  • Koble eller skifte topola støpslar i bevegeleg ledning til og med 25 A, med og utan jording.
  • Koble til eller skifte topola skjøtekontaktar, apparatkontaktar og montere ledningsbrytarar.
  • Koble til lampettar, bordlampar etc. med bevegeleg ledning og montere ledningsbrytarar.
  • Koble til og skifte lampar som heng i takkrok eller lignande, tilkoba med støpsel/stikkontakt, kronklemme eller ”sukkerbit”, dersom ikkje lampane er å betrakta som ein del av den faste installasjonen. Det må væra strekkavlastning på sjølve ledningen slik at ledningane ikkje belastas fysisk.

Meldeplikt
Dersom det er mistanke om at det er feil i det elektriske anlegget, så pliktar eigar å kontakte ein registrert virksomheit for å få avklart dette og utbedra eventuelle feil. Ein feil i eit elektrisk anlegg innebær ikkje berre forhøgd risiko i anlegget, men og i alle andre anlegg som forsynast frå samme transformator. I nokre tilfeller har feil i andre elektriske anlegg tilknytta samme transformatorkrets, vore medvirkande til at ulykker har fått ein fatal utgang.

Meny
KONTAKT Sentralbord: 61 36 75 50 Vakttelefon: 93 03 64 50 Vakttelefon: 97 68 90 33 epost@vangenergi.no