Brannårsaker i heimen

Her er nyttige tips for å hindre brann og branntilløp i eigen heim.

Generelt er det apparat som brukar mykje straum som oftast er innblanda i brannar med elektrisk årsak. Slike apparat kan væra vaskemaskiner, oppvaskmaskiner, tørketromler etc.

Her er nokre enkle tiltak ein kan gjera:

  • Slå av apparata etter bruk.
  • Kun bruk desse apparata under tilsyn, dvs. ikkje på natta.
  • Set deg inn i apparatets brukarveiledning før fyrste gongs bruk.
  • Hugs å alltid reingjer lofilter på tørketrommel etter bruk.
  • Monter ein ekstra brannvarslar i eller nær vaskerom.

Tørrkoking
- ein utbredt årsak til brann og branntilløp. Det er kritisk at ein hugsar å slå av plater og ovn etter bruk. Gjer dette til ei rutine når du forlet kjøkkenet etter matlaging. Vurder montering av komfyrvakt (påbudt på nye anlegg). Hugs å rense avtrekksfilter, da det ved ein evt. brann vil spreie seg lettare med ureint filter.

Apparat med termostat
Termostatstyrte apparat er utbredt hjå dei fleste. Det kan være apparat som brødristar, kaffemaskinar, ikkje fastmonterte varmeovnar og lignande. Det ikkje alle veit er at termostatet som styrer straumtilførselen kan væra er ein svakheit, og som ved svikt kan føra til stor varmeutvikling i apparatet. Så gjer det til ein vane å trekke ut støpselet etter bruk.

Fjernsyn, radio, musikkanlegg o.l.
Desse apparata står framme i heimen og har lett for å trekke til seg støv og anna rask. Vær nøye med støvtørken, særskilt på fjernsyn og det apparat som skapar varme. Plasser dei slik at dei ikkje har det trongt, men får god luftsirkulasjon, dvs. ikkje i bokhyllar eller tronge seksjonar.

Fjernkontroll lar ein ikkje slokke apparatet heilt, apparatet blir ståande i "stand-by". Litt avhengig av bruk, burde ein vurdere og slå desse heilt av med brytaren.

Skjøteledningar
Skjøteledningar skal ikkje brukast til permanente uttak. Manglar ein stikkontakt i eit rom, eller del av eit rom -kontakt elektroinstallatør og få montert tilstrekkeleg med kontaktar. Hugs at lampettledning ikkje er lov som skjøteledning!

Lause skjøteledningar med fleire uttak og andre kreative løsingar for straumforsyning er ein sikkerheitsrisiko, og må aldri brukast sammen med straumkrevjande apparat!

Har du varmgang? Høgt straumbruk og dårleg kontakt kan føre til varmgang i støpsel og kontaktar, eit eksempel kan væra komfyren. Trekk ut og sjekk støpsel og kontakt for svimerke og andre tegn på varme minst ein gong i året.

Lampe og lågvolts lyskjelde
Kontroller at det er samsvar mellom merking på lampe/armaturet og pæra som er sett i. Aldri sett i større pære enn det som er merka som maks på lampa.

Lågvolts lyskjelder, som LED lys, kan monterast feil, noko som kan medføre brannfare. Overlet montasje og plassering av desse til fagfolk.

Ovnar og lause lampar
Lause lampar eller vifteovnar skal aldri brukast på barnerom, eller rom der born oppheld seg utan tilsyn. Vifteovnar skal kun brukast under oppsyn. Hugs å reingjæra desse jevnleg.

Ovnar må ikkje koma nær brennbart materiale som gardinar og møblar, dei må heller aldri dekkast til! Eldre portable stråleovnar bør ikkje benyttast.

Meny
KONTAKT Sentralbord: 61 36 75 50 Vakttelefon: 93 03 64 50 Vakttelefon: 97 68 90 33 epost@vangenergi.no