El-sjekkliste
Kva kan du som eigar og brukar gjere for å forebygge brann i eigen heim?
- Om du har skrusikringar, skru desse godt til. Kjenn etter om desse, eller automatsikringar er unormalt varme.
- Sjekk at jordfeilbrytarar og/eller jordfeilvarling fungerar ved bruk av testknapp.
- Kontroller at sikringsskåpet er ryddig og at deksjel og avskjermingar er på plass. Skåpdøra skal være lukka.
- Gå over stikkkontaktar og koblingspunkt og kontroller at dess ikkje er skada eller visar tegn på varmgang.
- Sjå etter at det ikkje er ledninger og kablar som er lause, eller skada.
- Kontroller at varmeovnar, lysarmatur og anna fastmonterd utstyr er i orden og festa.
- Gå over lamper og spottar, forsikre deg om at det ikkje er sett i for sterke pærer.
- Vær varsam med kjøp av pærer og anna utstyr på internett.
- Vær varsam med bruk av skjøteledningar. Desse skal ikkje være ein del av permanente løysingar.
- Sjekk støpsel for varmgang når varmeovnar, komfyr, vaskemaskin, oppvaskmaskin, varmtvatnbereiar og anna kraftkrevjande utstyr er i bruk.
- Sjekk røykvarslar minst ein gong i månaden, og skift batteri kvart år.
- Kontroller at pulverapparat og brannslangar er i orden.
Oppdagar ein feil og manglar må ein kontakte autorisert elektroinstallatør og få desse retta. Desse og elektro-fagfolk kan og kontrollera anlegget for deg. Er anlegget av eldra dato bør ein kontrollera anlegget ofte.
Meny
KONTAKT
Sentralbord: 61 36 75 50
Vakttelefon: 93 03 64 50
Vakttelefon: 97 68 90 33
epost@vangenergi.no