For deg som skal grave eller arbeide nær ved våre anlegg

Arbeid i nærleik til elektriske anlegg kan utgjere en fare, om det ikkje blir gjort rett. Eksemplar på arbeid kan være graving, bygging, sprenging, stillasbygging og bruk av større maskiner.

Viktig:

-       Arbeid nær høgspenningsanlegg er livsfarleg.

-       Det er den som utfører arbeidet som plikter å innhente nødvendig informasjon og ta kontakt med nettselskapet.

-       Arbeid innanfor 30 meter frå høgspenningsanlegg må ikkje skje utan vår godkjenning. Dette gjeld og bruk av utstyr som står utanfor denne avstanden, men som kan nå innanfor, som t.d. kranbil etc.

-       Lagring av utstyr, tømmer, masser, rundballar etc. er ikkje lov utan vår godkjenning.

-       Ta kontakt med oss i god tid!

 

Graving:

Omfanget av jordkablar har auka dei siste åra, og det er oftast berre anleggseigar som har oversikt over kvar kablane ligg.

Dei som ynskjer graving må søkje om graveløyve minst 2 dagar før gravestart, slik at nettselskapet kan påvise sine kablar før arbeidet tek til. Fyrste gongs påvising og synfaring innanfor arbeidstid er kostnadsfritt.  

Reparasjon av kabelskade kan føre til store kostnader som må dekkjast av den som påfører skaden. Det er viktig at lettare skader også meldast til nettselskapet, sjølv ein ubetydeleg skade kan lett utvikle seg, og seinare føre til store kostnader og ulemper.

 

Arbeid nær ved:

For arbeid i ei sone opp til 30 meter frå høgspenningsnett skal nettselskapet kontaktast. Vi avtaler ei synfaring for å vurdere risiko, og bestemmer eventuelle sikringstiltak. Første gongs synfaring innanfor arbeidstid er kostnadsfritt. Om det blir nødvendig med sikringstiltak, overvaking, utkopling og liknande, må dette planleggast.

Den som forårsakar skaden risikerer å bli stilt økonomisk ansvarleg for dei totale kostnader et straumbrot kan medføre, inkludert KILE-erstatning og skadar på 3. parts eigedom. Erstatningsbeløpa kan i verste fall bli på mange hundre tusen kroner.

 

Om uhellet er ute:

Trefelling:

-       Om du er uheldig og feller på en straumlinje, skal du ikkje prøve å fjerne treet.

-       Linja kan vere straumførande.

-       Sørg for at området blir sikra slik at ingen kjem i nærleik av treet

-       Ta kontakt med vakttelefon, og vær på stedet til vi har bekrefta at straumen er fråkopla.

Skade på kabel:

-       Om du er uheldig og skader ein kabel, ikkje rør eller flytt på kabelen.

-       Kabelen kan framleis vere straumførande.

-       Sørg for at ingen kjem i nærleiken av kabelen

-       Ta kontakt med vakttelefon, og vær på stedet til våre montørar kjem.

Om du fører ei maskin som har kome i kontakt med kabel eller luftnett:

-       Anlegget kan framleis vere spenningssatt, eller bli det (OBS: automatisk gjeninnkobling/prøvekopling)

-       Ta kontakt med vakttelefon og sitt i maskina til våre montørar kjem.

-       Om du på grunn av brann må forlate maskina, hopp ned på bakken med ein fot, eller føtene samla. Hink eller hopp med føtene samla for å unngå farlege skrittspenningar. Ikkje ta i maskina samtidig som du står på bakken.

 

 

 

KONTAKT Sentralbord: 61 36 75 50 Vakttelefon: 93 03 64 50 Vakttelefon: 97 68 90 33 epost@vangenergi.no