Kvifor Målaravlesing?

Alle anlegg les av målaren 6 gonger i året. Fakturaene baserast på reelt forbruk i perioda. Når avlesing ikkje føreligg estimerar (anslår) vi eit forbruk, noko som kan slå feil ut.

Vang Energiverk KF har ikkje fjernavleste målare (pr desember 2015), slik at målaravlesning må rapporterast frå kunde. Innen 1. januar 2019 vil vi har fjernavlesning på alle våre målere.

For våre hyttekundar kan det være vanskelig å få lese av 6 gonger i året.

Her er nokre tips:

Er du ikkje på hytta på avlesingstidspunkta, les av ved næraste besøk og rapporter målarstanden til oss.

Ved vinterstengde hytter tilrår vi at avlest målarstand på hausten blir rapportert inntil hytta blir teken i bruk att på våren. Ved å rapportere same stand vil fakturering vise eit nullforbruk i perioden.

Regler gitt av NVE krever ei avlesing pr. nytt år.

Som netteier oversender vi alle måleravlesingar vi får inn på ditt anlegg til din kraftleverandør.

Mottar vi ikkje avlesning innan 1 veke etter avlesingsdato, vil forbruket bli estimert basert på anleggets forventa årsforbruk og event. reelle målaravlesingar. Ved innrapportering av avlest stand vil forbruket bli korrigert ved neste fakturering.

Målarstand kan rapporterast til oss så ofte som ynskjeleg.

Anbefaling:

Hyttekundar: Vi anbefalar at straummålar lesast av ved besøk på anlegget.
Føreligg berre ei målaravlesing i året vil forbruket bli fordelt over ein forbruksprofil for Vang Energiverk KF sitt nettområde. Profilen fordelar forbruket over heile året, også i periodar hytta kanskje ikkje er i bruk.

Er straumen avslegen i periodar, vil rapportering av målarstand ved stenging og opning vise eit nullforbruk i perioda. Rapportering av målarstand ved ankomst og avreise vil vise eit faktisk forbruk når hytta er i bruk, f.eks. i jule-/påskeferien eller i sumarferien når straumen vanlegvis er rimeligast.

Kva seier ”Standard nettleieavtale” om målaravlesing?
Nettleieavtale inngås mellom nettselskapet som leverandør av nettenestar og bruker som nettkunde. ”Standard nettleieavtale for forbrukerkundar” finns på våre nettsider - under "Nettleige & Pris".

Følgjande avsnitt omhandlar målaravlesing:
Standard nettleieavtale § 5-2 Målaravlesing
”Målaravlesing gjennomførast i samsvar med nettselskapets rutiner og gjeldande forskrifter.
Ved sjølvavlesing skal kunden så vidt som mogleg foreta avlesing og underrette nettselskapet i samsvar med dei fristar som er oppgjeve av nettselskapet.
Dersom målaravlesing manglar, har nettselskapet rett til å fastsetje nettkundens uttak skjønnsmessig. Dersom nettselskapet mottar målerstand etter utlaupt frist, tas det omsyn til denne ved fyrste påføljande avrekning. Nettselskapet pliktar å sjå til at alle målepunkt er avlest minst ein gong i kalenderåret og ved leverandørbytt/opphør av kraftleveranse med mindre dette medfører urimeleg kostnad eller ulempe for nettselskapet.

Målaravlesing skal også gjennomførast ved leverandørskifte og ved opphør av leveranse.

Ved spørsmål, ta kontakt med Kundeservice på tlf. 61 36 75 50.

Meny
KONTAKT Sentralbord: 61 36 75 50 Vakttelefon: 93 03 64 50 Vakttelefon: 97 68 90 33 epost@vangenergi.no