Elektronisk avrekning gir rabatt

SPAR PENGAR PÅ ELEKTRISK KOMMUNIKASJON

Du kan spare inntil 150 kr i året ved å velje eFaktura eller epostfaktura som fakturaløysing samt å sende oss dei periodiske målaravlesingane elektronisk.

Bruk av eFaktura og epostfaktura reduserar fakturakostnadane. Elektronisk målaravlesing reduserar vårt manuelle arbeid. Besparelsen kjem deg direkte til gode gjennom redusert fastbeløp på nettleiga.

Periodisk målaravlesing skjer i slutten av kvar andre månad. Les du av målaren og sendar målarstanden elektronisk, og i tillegg mottek avrekning elektronisk, får du eit avslag på kr 25,- pr. anlegg pr. faktura inkl mva. Totalt kr 150,- pr. anlegg i året, inkl mva.

Vilkår:

Tilbodet gjeld for hytter/fritidsbustader, hushald, gardsbruk og mindre næringsanlegg utan timesmåling.

1. Du brukar eFaktura eller epostfaktura.

* Spar både miljø og tid. Med eFaktura mottek du rekningane ferdig utfylt rett i nettbanken og betalar med eit tastetrykk.

* Med epostfaktura mottek du faktura direkte til epostadressa di. Kan gjerne kombinerast med avtalegiro for mindre oppfølging.

* Avtale om eFaktura inngår du i din nettbank. Avtale om epostfaktura inngår du med oss.

* Din eFaktura referanse finn du på rekningane fra oss.

2. Du leverar periodiske målaravlesingar elektronisk

* Målaravlesing leverast på web eller på SMS.

* Målaravlesing leverast i perioden 7 dagar før og seinast 7 dagar etter avlesingsdato. Dette er viktig for at vi skal få riktig datagrunnlag, slik at fakturaen du mottek blir korrekt.

* Avlesingsdatoar er: 1. januar, 1. mars, 1. mai, 1. juli, 1. september, 1. november.

*Avslag pr. anlegg pr. faktura er kr 25,-. Kor mykje dette utgjer for deg pr. år avhenger av kor "flink" du er til å lese av og bruke elektronisk målaravlesing.

Korleis kome i gang?

Inngå avtale om eFaktura i din nettbank. Vang Energiverk er nå tilbyder av eFaktura.

Din eFaktura referanse finn du på rekningane fra oss.

eFaktura kan også kombinerast med avtalegiro.


For levering av målarstand på internett:  Logg inn på "Din Side".

Her kan du også registrere deg for å få varsel om målaravlesing pr. epost.

For levering på SMS:

Lever på SMS med å skrive kodeord VEVM målernummer målerstand og send til 26166. (VEVM mellomrom målarnummeret ditt mellomrom målaravlesinga di - send meldinga til 26166)

Kunde med fleire anlegg må taste både målarnummeret og målaravlesinga for det enkelte anlegg.

Meny
KONTAKT Sentralbord: 61 36 75 50 Vakttelefon: 93 03 64 50 Vakttelefon: 97 68 90 33 epost@vangenergi.no