Plusskunde

Vang Energiverk har opna opp for å inngå avtalar med plusskundar.

Kva er ein plusskunde?

Ein plusskunde er ein forbrukskunde som også produserer straum, og som i enkelttimar har overskotskraft (større produksjon enn forbruk) som kan matast inn i nettet. Solcellepaneler er ein typisk produksjonseining, men det kan også vere vasskraft-, vindkraftanlegg, biogass eller liknande.

NVE definerer ein plusskunde som:

Sluttbruker med forbruk og produksjon bak tilknytningspunkt, hvor innmatet effekt i tilknytningspunktet ikke på noe tidspunkt overstiger 100 kW. En plusskunde kan ikke ha konsesjonspliktig anlegg bak eget tilknytningspunkt eller omsetning bak tilknytningspunktet som krever omsetningskonsesjon.

 

Korleis bli plusskunde?

  • Det er viktig at du som kunde tek kontakt med oss i ein tidleg fase, gjerne før du forespør med solcelleleverandøren. Då kan vi sjå på lokale forhold hjå deg, og indentifisere eventuelle flaskehalsar. Dette er særs viktig om anlegget skal installeres på eit anna tak enn der inntaket er. 

  • Vi vurderer om tilknytinga krev forsterkningar i nettet. Om nettet må forsterkast for å ta imot produksjonen, estimerer vi kor mykje du eventuelt må betale i anleggsbidrag. 
  • Du tek kontakt med ein elektroinstallatør og/eller ein leverandør av produksjonsutstyr t.d. ein leverandør av solcelleanlegg.

  • Installatøren sender oss ei melding om installasjonsarbeid med nødvendig informasjon om anlegget. Installasjonsmeldinga skal innehalde:

    • Datablad til omformaren
    • Konformitetserklæring for at omformaren tilfredsstiller NEK EN 50437/NEK EN50549 eller VDE 4105.
  • Når installasjonsmeldinga er behandla opprettast ein plusskundeavtale som kjem som et tillegg til den vanlege nettleieavtala. 

  • Du tek kontakt med din kraftleverandør og høyrer om dei tilbyd avtalar om kjøp av overskotskraft frå plusskundar, og eventuelt skiftar til ein kraftleverandør som tilbyd dette. Du må ha same kraftleverandør for inn- og utmating.

  • AMS-målar er naudsynt for å kunne måle netto produksjon. Dei aller fleste kundar  har fått AMS-målar innan utgangen av 2018. Om du ikkje har fått bytta, skiftar vi den gratis. 

  • Når vi har mottatt all dokumentasjon, oppretta plusskundeavtalen og gjort eventuelle naudsynte forsterkningar av nettet, har du status som plusskunde og kan levere kraft til distribusjonsnettet og få betalt for din produksjon. 
     

Kva krav stiller vi til anlegget?

Vi har ansvaret for spenningskvaliteten på vårt distribusjonsnett og er derfor nøydd til å stille ein del tekniske krav til anlegget. Vi krev at anlegget følgjer vilkår gitt i REN-blad 341, samt tekniske funksjonskrav gitt i REN-blad 342. Du kan få desse REN-blada på førespurnad. Anlegget skal vere sertifisert ut frå følgjande normer: VDE 4105-2011 eller EN 50438-2013 (NEK EN 50549-1 frå 2018).

Verd å merke seg i REN-blad 342:

  • Alt utstyr skal vere CE-merka.

  • Drift av anlegget skal ikkje minke spenningskvaliteten i tilknytingspunktet, irekna:

    • Omformarar over 16 A per fase skal vere 3-fasa for å unngå at anlegget fører til usymmetri på trafokretsen.
    • Spenningen i tilknytingspunktet skal haldast innanfor gitte grenser.

  • Øydriftsvern er naudsynt, slik at anlegget koplar ut om det er utfall i distribusjonsnettet.

  • Vang Energiverk reserverar seg retten til å kople ut anlegget utan varsel, samt kortslutte anlegget ved arbeid i distribusjonsnettet.

  • Det er plusskundens ansvar i samarbeid med installatør å syte for at anlegget til kvar tid tilfredsstiller dei tekniske krava som stilles. 

Korleis tarifferast mitt uttak frå distribusjonsnettet?

Tilknytinga og uttaket av straum frå nettet blir avrekna på same måte som før du blei plusskunde.
 

Kor mykje får eg betalt for det eg produserer?

Kraftleverandøren betaler for straumen du matar inn i nettet time for time, og du får gjerne gjeldande spotpris frå Nordpool Spot – men her er det store variasjonar mellom kraftleverandørane. 

Plusskundeordninga gjer at du ikkje betaler fastledd for sjølve innmatinga.

Stønadsordningar

Det finnes høve for tilskot frå Enova. Informasjon finn du på Enova sine heimesider, https://www.enova.no/.

Kven betaler for utstyret?

Kunden må sjølv dekke kostnadene til sjølve produksjonsutstyret og installatør jamfør gjeldande forskrifter, da Vang Energiverk ikkje har ansvar for kundens utgifter. Vi betaler for straummålaren.

 

Har du andre spørsmål om plusskundeordninga, ikkje nøl med å ta kontakt med oss! 

KONTAKT Sentralbord: 61 36 75 50 Vakttelefon: 93 03 64 50 Vakttelefon: 97 68 90 33 epost@vangenergi.no